Ei gladhistorie frå Fresvik Produkt
Fresvik Produkt gjer mykje for å hjelpe kundane våre med ulike utfordringar, og det gjer me med stor glede!
Av og til blir vi utfordra på områder som ligg langt utanfor oss:
Her ein dag fekk vi oppringing frå ein kar som sat innesperra på eit kjølerom i eit større senter.
Han skulle vel utføre ein jobb, og då han var ferdig var døra sperra på utsida (dette var nok gjort ved eit uhell).
Personen hadde med seg mobil, men var ny i jobben og hadde få aktuelle telefonnummer å ringje.
Då blei redninga Fresvik Produkt!
Døra til rommet var heldigvis levert av Fresvik Produkt, og der sto telefonnummeret til fabrikken i Fresvik. Han ringte hit, traff vår hyggelege dame i resepsjonen, og då blei det fart på sakene.
Sjølv om Fresvik Produkt ligg på den andre kanten av landet, så ordna vi opp. Fekk tak i folk på senteret som lokaliserte kjølerommet og han som var innesperra.
Og alt fekk ein lukkeleg slutt – og Fresvik Produkt utførte dagens gode gjerning!!
Endå ein god grunn til å kjøpe produkt frå Fresvik Produkt!!?