Fresvik-panel til kjøle- og fryserom

Fresvik Produkt har produsert kjøle- og fryserom sidan 1980, og er i dag den einaste norske produsenten av isolasjonspanel til kjøle- og fryserom.

Fresvik kjøle- og fryserom blir levert med veggar, golv, tak og dørar eller portar. Vår storleik, kombinert med ei bevisst satsing på fleksible produksjonsløysingar, set oss i stand til å levere kundetilpassa løysingar.

Fresvik Panel er laga av sandwichelement med oppskumma polyurethan som kjerne, innkapsla mellom to stålplater.

  • Utvikla og produsert i Norge

  • Fleksibelt på byggeplass

  • Enkel montasje med eksenterlås

  • Modulmål gir mindre svinn

Konstruksjon

Fresvik Panel er basert på eit fleksibelt modulsystem med låsesystem i overgangar. Hygienisk overflate. Kan lett demonterast og flyttast.

Isolasjon

Høgtrykkskumma polyuretan, ca. 40 kg/m³,
som tilfredsstiller gjeldande miljøkrav.

Overflate

Standard overflate i 0,55 mm galvanisert stålplate med 25 µm polyester, type Foodsafe. Overflate kan utførast i rustfritt stål, syrefast stål, glassfiber-armert polyester eller andre platetyper.

For samarbeidspartnarar

Vår visjon er å vere den beste samarbeidspartnaren for deg som kjøleentreprenør. Ønskjer du meir informasjon om produkta våre, ta gjerne kontakt med oss.

Tilleggsutstyr kjøle- og fryserom

Har du eit prosjekt du vil diskutere med oss?