Fresvik kan ta "heile pakken"
I tillegg til å produsere isolasjonspanel og portar, kan vi i Fresvik Produkt også stå ansvarleg for montasje. Desse prosjekta vert ofte styrt av vår faste prosjektleiar Arek Lekki, og vi gjer ofte slike oppdrag saman med våre faste montasjepartnarar. Under finn du tre prosjekt vi nettopp har avslutta montasje på:
Fatland slakteri, Jæren
Den 20. november avslutta vi montasjen på Fatland slakteri på Jæren. Det vart montert 760 m2 av oss, resten, ca.200 m2, vil kunden montere sjølv seinare.
Og kunden Magne Hjelmtveit var godt fornøgd med jobben vår....
Helgesen Tekniske Bygg, Bergen
30. november avslutta vi prosjektet til Helgesen Tekniske Bygg på Storbotn 110 i Bergen. Der leverte vi panel til himling og veggar. Det vart montert 730m2 på ei veke, og montasjen gjekk kontinuerleg utan problem!
Gjeraldstveit Mekaniske AS, Voss
Den 4. november starta vi på prosjektet til Gjeraldstveit Mekaniske AS på Voss Fram til i dag har vi montert 1240 m2 panel, i tillegg til alle beslag. Det står att montasje av kontordel og garasje.
Vil du vite meir om Fresvik og montasje? Snakk gjerne med vår salsavdeling