Nye monteringsanvisningar

_K6R3776_07032013.jpg

Fresvik Produkt sine eigenproduserte panelar er spesialtilpassa til det kunden ønskjer, vi kan «skreddarsy» romma og dei kan låsast i saman med eksenterlås. Produkt levert av Fresvik Produkt er enkle og raske å montere.

Fresvik Produkt leverar mange prosjekt ferdig montert. Montasjen blir utført av våre eigne dyktige montørar, eller av innleigde montasjefirma som har arbeidd for oss over lang tid, slik at vi kan gå god for kvaliteten  på utført montasjearbeid.

Produkta frå Fresvik Produkt er enkle å montere, difor utfører mange av kundane våre denne jobben sjølve. Dei kjenner godt til monteringa av våre panel, og den enkle montasjen er nok medverkande til at våre produkt blir føretrekt.

For å spare miljøet, så sender vi ikkje monteringsanvisning med produkta våre, i staden ligg denne på heimesida vår, der alle kan laste den ned.

Vi har no laga nye monteringsanvisning (på norsk og engelsk) for kjølerom og fryserom. Desse finn du her: 

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Deleveggar, dører og portar til nytt lefsebakeri på Stranda.

Neste
Neste

Fasade-element og takplater frå Ruukki