Vi er blitt sertifisert Miljøfyrtårn
Fresvik Produkt er i haust blitt sertifisert som Miljøfyrtårn.
Det viser at vi har fokus på berekraft og grøne verdier i arbeidet vårt.
Fresvik Produkt har alltid vore ei bedrift som har hatt fokus på å ikkje ureine verken det ytre eller indre miljøet. Plassert i vakker vestlandsnatur, veit vi kva gode naturopplevingar har å seie for både folk og omgjevnaden vår.
Men gjennom arbeidet vårt med å bli sertifisert Miljøfyrtårn, så har vi sett ytterlegare fokus på dette, og sett vårt arbeid i eit litt vidare perspektiv.
Vi er og vil vere ein trygg arbeidsplass i nærmiljøet, og fokuserar på å skape arbeidsplassar der alle trivst og med lågt sjukefråvær. Vi vil prøve å redusere energibruken vår, og nytte den energien vi treng på ein best mogelg måte. Vi har også fokus på å redusere bruk av papp og plast, og gjenbruke dette der det er mogeleg.
For å vere med å skape eit bærekraftig samfunn så vil vi også etterspørje hjå leverandørane våre mest mogeleg miljøvennlege produkt.
Saman med mange andre kan Fresvik Produkt vere med å skape eit betre bærekraftig miljø i åra framover.