Kjøle- og fryserom til nye Vik helse- og omsorgssenter
Fresvik Produkt har hittil levert 5 kjølerom og 1 fryserom med tilhøyrande dørar.
Ei stor utbygging er på gang i Vik når det nye helse- og omsorgssenteret er under bygging. Etter planen skal bygginga pågå heilt til 2026, men ein del er ferdigstilt og teke i bruk.
Fresvik Produkt er stolt leverandør av kjøle- og fryserom til dette anlegget. Hittil har vi levert 5 kjølerom og 1 fryserom med tilhøyrande dørar.
Dette har vi levert gjennom Sogn Kjøleservice, takk for godt samarbeid.
Fresvik Produkt er stolte over å kunne produsere og levere dette i eigen kommune.
Sjå fleire bilde frå prosjektet:




