40 år med isolasjonspanel til kjøle- og fryserom
22. februar i år var det 40 år sidan Fresvik Produkt starta opp sin førte produksjon av sandwich-panel, og sidan har produksjonen gått uavbrote.
Fredag 21. februar hadde bedrifta «ope hus» om ettermiddagen, der alle som kom fekk omvisning i fabrikken, kaffi og jubileumskake.
Trass i dårleg ver denne ettermiddagen og usikker veg inn til Fresvik, så møtte mange fram. Vi trur det var mykje både nytt og overraskande å sjå for dei frammøtte. Det var i alle fall det inntrykket vi sat att med etter ein hyggeleg ettermiddag på bedrifta.