Kjølerom til fruktbonde - enkelt og raskt levert
Fresvik Produkt har levert og montert kjølerom til bær- og fruktprodusent Ivar Slinde på Indre Slinde i Sogndal kommune.
Prosjektet inkluderte panel og kjøledør med køyrerampe. Rampa blei teke mål av under montasje av rommet, og blir levert på spesialtilpassa mål pga. ujevnheiter i golvet.
Kjølerommet vart sett opp på ein oppretta svill av 48 x 98 impregnert, og er enkel å sette opp med feste i vegg og tak.
Strenge krav til bær- og fruktprodusentar gjer at behovet for kjøling er stort.
Dette prosjektet viser at Fresvik Produkt kan levere slike små, spesialtilpassa rom på dei fleste stader, sjølv om arealet er lite.
Har du spørsmål om Fresvik kjølerom - ta kontakt med vår salsavdeling