Møt Arne-Olav - vår nye salskonsulent
Vi er glade for å presentere vår nye salskonsulent, Arne-Olav Lien Bardølsgård , som starta hjå oss 1. mai.
Arne-Olav er 32 år og kjem frå Saksumdal, ei lita bygd rett ved Lillehammer. Han har bakgrunn som både tømrar og bonde, og elles er han interessert i både fotball og musikk.
Arne-Olav har flytta til Fresvik med heile familien: kona Marte og tvillingane Sebastian og Oliver, som blir 5 år i sommar.
Fresvik Produkt er svært nøgd med å ha fått Arne-Olav i seljarstaben vår, og vi håpar heile familien vil trivast i Fresvik og at det blir mange spanande salsoppdrag framover.
Vi kjem tilbake med litt meir informasjon om Arne-Olav etter sommarferien.