John Bøthun blir pensjonist

Den som i dag har vore lengst tilsett i Fresvik Produkt vil pensjonere seg frå 1. september. I avskjedsintervjuet mimrar vi tilbake til tidlegare tider og snakkar om kva som gjer at ein blir verande på same arbeidsplass så lenge.

Fresvik Produkt starta opp produksjonen i 1980, og allereie i 1982 byrja aktiviteten å ta seg opp. John var på rep-øvelse saman med ein av dei tilsette på FP. I ein telefonsamtale med bedrifta, kom det fram at ein trengde folk, og John fekk over telefon spørsmålet om han ville byrja. Det sa han ja til, og dermed starta arbeidstilhøvet som no har vara heilt frå mars 1982. Tilsetjingsintervju trengdest ikkje!

John Bøthun har jobba 42 år i Fresvik Produkt men blir no pensjonist.

Ti år i produksjon og oppdrag over heile landet

John vart sjølvsagt tilsett i produksjonen, for administrasjonen besto den gongen berre av dagleg leiar. Mykje har endra seg opp gjennom åra, ikkje minst alle krav ei bedrift er påførd anten den er stor eller lita!

I oppstarten var det berre ein  liten gjeng som arbeidde ved bedrifta, og kjenneteiknet for dei alle var lojalitet . Dei var alle innstilte på å få bedrifta til å gå. Det var lite av velferdsordningar, slik som vi har i dag. Men dei tilsette sto på, og tenkte kanskje meir på bedrifta enn på eiga vinning.

Dei 10 første åra arbeidde John i produksjonen, og i denne tida var han også ute på mange monteringsoppdrag saman med andre kollegaer. Dette var i heile landet, men han minnest spesielt eit oppdrag i Tromsø, der dei var i 6 veker i strekk. Ikkje snakk om å reise heimatt på helgetur då! Lange dagar, men kjekt arbeidsoppdrag.

Produksjonen på den tida var lite automatisert, og det aller meste av arbeidet var manuelt. Nye oppgåver blei løyste undervegs, og ein fann løysingar i fellesskap på det meste.

Teikning som ny hovudoppgåve

John hadde 10 trivelege år i produksjonen med ulike oppgåver, der han også vikarierte ein periode som formann. Men så blei han kalla til kontoret. På slutten av 1992 kjøpte bedrifta sitt første teikneprogram, før den tid hadde alt vorte teikna med hand. Omsetnaden auka og ein hadde behov for meir arbeidskraft og også automatisering. Teikning blei no John sine arbeidsoppgåver, men bedrifta trengde meir kompetanse, så dermed gjekk vegen for John til Sogndal og fagskulen der han tok eit år med teknisk teikning.

Då John var tilbake i bedrifta var det teikning som vart hovudoppgåva. Frå 2006 har John arbeidd kombinert som teiknar og produksjonsplanleggar.  Korte tidsfristar har kjenneteikna arbeidsdagen. Likevel trekker John fram variert arbeid, innflytelse på arbeidsoppgåvene og kontakt med mange kjekke folk, både kollegaer og kundar, som trivelege faktorar i arbeidet.

I tillegg var John i mange år dei tilsette sin styremedlem i Fresvik Produkt. Dette medførde mange interessante saker og innspel. Sidan John hadde gode kunnskapar om heile bedrifta og produksjonen, så var han også med på vedtak om større investeringar i bedrifta, bl.a var han med til Italia då vi skulle kjøpe inn den andre produksjonslinja vår.

Håvard Berdal følger i John Bøthun sine fotspor som teknisk teiknar.

Kjærleik til arbeidsplassen og bygda

Det har vore store endringar i Fresvik Produkt gjennom desse 45 åra. Bedrifta har vakse frå ei oppstartbedrift med få tilsette til å bli ei mellomstor bedrift med rundt 40 tilsette, og med salskontor i Drammen. Det gode arbeidsmiljøet har vi likevel klart å halde på. Utan stor trivsel på arbeid og kjærleik til både arbeidsplassen og bygda hadde ikkje John halde ut så lenge i arbeid. John trekker fram at han har etablert seg i Fresvik og trivst i bygda han vaks opp i, sjølv om det kan vere både pluss og minus med ein så liten stad, men plussen er nok størst når ein har valgt å etablere seg her.

Fresvik Produkt vil takke for den store innsatsen som John har lagt ned for bedrifta, og ønskjer han mange gode år som pensjonist!

Forrige
Forrige

Ny teknisk teiknar på plass

Neste
Neste

Ein investering for å henga med i tida