Ny teknisk teiknar på plass
Håvard Berdal er ny teknisk teiknar.
Håvard Berdal er ny teknisk teiknar i Fresvik Produkt.
Vi har vore så heldige å få Håvard i stillinga som teknisk teiknar etter at John Bøthun pensjonerer seg frå 1. september 2024.
Håvard Berdal har arbeidd på kontoret sidan nyttår og er alt komen godt inn i funksjonen. Før dette var han tilsett i produksjonen vår, og han kjenner difor bedrifta godt frå før.
Vi er sikre på at han vil gjere ein utmerka jobb som teiknar. Velkomen i staben vår!