Møt vår nye tekniske sjef
Den nye tekniske sjefen har allereie sett sitt preg på arbeidet.
Samaneh Shakeri, ny teknisk sjef i Fresvik Produkt.
Vi har gleda av å presentere vår nye tekniske sjef ved Fresvik Produkt.
Samaneh (Sam) Shakeri tok til i stillinga 1. oktober 2024. Ho har alt gjort seg godt kjent i organisasjonen vår, og har sett sitt preg på arbeidet.
Sam er utdanna ingeniør med master i Industriell teknologi.
Ho er fødd i Iran, men har utdanninga si frå UiT- The Arctic University of Norway og Texas A&M universitet i USA.
Sam har 15 års erfaring i ulike ingeniørrollar og har ekspertise innan industriell design.
Berre etter denne korte tida Sam har vore i Fresvik Produkt har vi hatt stor nytte av kunnskapane og effektiviteten til Sam i mange av dei utviklingsprosjekta som vi driv.
Vi ser med store glede fram til samarbeidet i åra framover.